Skolehelsetenesta er eit tilbod til deg som elev og som du kan oppsøke når du treng det. Vi har teieplikt og tenesta er gratis.
Helsesjukepleier
Marit er tilstades på skolen tirsdag, onsdag, torsdag og fredag kl. 08:15 - 15.00
Kontor 108
Mobiltlf 945 04 094
e-post Marit.Stene@Bergen.Kommune.no
Helsesjukepleier
Anita er tilstades på skolen tirsdag, onsdag og torsdag kl. 08:15 - 15.00.
Kontor 107
Mobiltlf 408 13 475
e-post Anita.Pedersen@Bergen.Kommune.no
Helsesjukepleier har kontor i 1. etg, i same gang som rådgjevarane. Du kan bestille time eller berre komme innom.
Kva kan du ta opp?
Du kan snakke med helsesjukepleiar om alt. Blant anna:
- bekymring for helsa, eller vanskar på skulen eller heime
- hjelp til å byrja å trene, eller på andre måtar leve sunnare
- vanlege plager hos ungdom
- vanskar med å sove
- vanskelege tankar
- prevensjonsrettleiing, til dømes resept på prevensjonsmiddel
Lege eller psykolog?
Helsesjukepleiar samarbeider også med lege og psykolog, og kan skaffe deg time der.