Hopp til hovedinnhold

Kantina

Kantine1.jpg

Kantina er bemanna alle skuledagar mellom klokka 07.00 og 14.30. Her kan du kjøpe sunn og god mat.

Du finn kantina i 1. etasje.

Vi serverer både varm mat, påsmurte rundstykker, frukt og drikke av høg kvalitet.
Kantina tek kontantar, Vipps og har terminal for bankkort. 

Sjå vekemenyen for utval av varm mat!

Vi har skulefrukost kvar dag! Denne vert servert kvar dag frå 07:00 til 08:15, med unnatak av måndagar då den vert servert frå klokka 08:00 til 10:00.

Kantineansvarleg er Wesley. Lurar du på noko, kan du når som helst spørje!
Vi ønskjer deg ein lærerik dag!