Søndag 16. mars møttest vi på Flesland – seks elevar frå ressursskolen Nordahl Grieg og to lærarar – klare for avreise til Ørebro. Det blei ein lang reisedag med fly, tog, tog, og endeleg var vi framme ved «Vandrarhem Hagastrand», der vi skulle bu. Då var det berre å innlosjere seg, handle mat og legge seg. Alle var slitne etter ein lang reise.

Elevane har i veka 17.-21.mars vore på to forskjellige skular:
Riksgymnasiet Ørebro, Rudbeckgymnasiet, som er for døve og høyrselshemma elevar. Det var ein stor skole med 1400 elevar.
Fire av elevane våre var med i ulike klassar (studiespesialiserande, helse og oppvekst, media & kommunikasjon). Dei fekk ein vertselev som kunne hjelpe til om det var noko dei lurte på.

For våre elevar var organiseringa på denne skulen variert med tanke på innhald, opplegg og teknisk utstyr.
Elevane fekk gratis lunsj på skulen kvar dag.

Riksgymnaset for døve og høyrselshemma elevar, Tullängsgymnasiet (yrkesskule).
To av elevane våre var med på verkstaden for bilmekanikarar. Der gjekk det i «mekking» av bilar.
Her var dei flinke til å leggje til rette for kva våre elevar skulle gjere på verkstaden.

Det var veldig god lunsj i kantina kvar dag, heilt gratis.
Vi fekk òg ei omvising på skulen og såg transportavdelinga for store køyretøy. I tillegg var vi på sightseeing til «Svampen» (eit utkikkspunkt og restaurant høgt oppe, som ser ut som ein sopp).

Vi fekk også besøkje det største kjøpesenteret i Ørebro – der var det mykje «godis»!

Vi var på omvising på internatet på Wasahus, som er den nasjonale vidaregåande skulen for døve og høyrselshemma elevar i Ørebro. Her var det også aktivitetar som våre elevar deltok i saman med dei som budde der. Det var sosialt samvær – og vi fekk til og med kake!

Vi hadde frukostgrupper (elevane våre) som laga frukost kvar morgon og rydda etterpå.
Middag kjøpte vi på restaurant nokre dagar, medan vi andre dagar åt heime.
Vi fekk sjå mykje av Ørebro sentrum og områda rundt, i strålande sol kvar dag.
Elles var programmet på ettermiddagane variert – alt frå trening på treningssenter, fletting av hår (rastafletter), shopping, turar, god mat, sparkesykkel, prating, teiknspråk, latter og god stemning.

Reisen var finansiert av Erasmus+
Takk for ei flott veke i Ørebro!
