Hopp til hovedinnhold

Skoleuniform for elevar blir innført i Noreg – Nordahl Grieg vgs blir pilotskole

Kunnskapsdepartementet har vedteke å innføre skuleuniformer for alle elevar på vidaregåande skolar i Noreg.

Dette er eit viktig steg for å nå målet om inkludering og tilhøyrsle for alle elevar ved den enkelte skolen, uttalar kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun i samband med vedtaket.
- Vi er godt i gang med avgrensingar på bruk av mobiltelefonar og andre digitale verktøy i skolen, samt flytting av russetida, o
g vil no rette fokuset mot elevane si klesdrakt.

Kunnskapsminister.jpg

 Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun innfører skuleuniform for elevane ved Nordahl Grieg vgs frå første mai i år.  

- Å bere skoleuniform er eit teikn på stoltheit og skaper ein identitet for skolen. Kanskje viktigast av alt, betyr ein skoleuniform at elevar slepp å uroa seg for gruppepress. Når alle er kledde i det same, blir det ikkje like viktig korleis du ser ut.

Skoleuniform1.jpg

På skolen vår blir blazer in igjen frå første mai

- Som pilotskole for innføringa av skoleuniform har vi valt Nordahl Grieg videregående skole. Her er elevane allereie vande med ein viss grad av uniformering, noko som vil gjere overgangen til felles uniform enklare. Dette opplyser Utdanningsdirektoratet i ei pressemelding i dag.

Knestrømper.jpg

  Skjørt og knesokkar høyrer med når NGV-elevane skal på skolen

Uniformene som er valde ut for piloten ved Nordahl Grieg vgs er inspirerte av britiske skolemoter, med blazer, skjørt, slips og knestrømper som klassiske element.

Sko til uniform.jpg

  No er det Solovair-sko som gjeld.  

Elevane må sjølve betale ein betydeleg eigenandel for uniformene, men direktoratet meiner at utstyrsstipendet vil vere tilstrekkeleg til å dekkje mykje av utgiftene.
Leiinga ved Nordahl Grieg vgs har allereie vedteke retningslinjer for skolen sine uniformer, les meir om dei nye kleskodane her.

VINN GRATIS SKOLEUNIFORM NÅ
Nordahl Grieg-elevane skal ta i bruk skoleuniformene allereie frå 1. mai i år.
I dag blir det trekt ut 10 elevar som får uniforma dekt, følg lenkja:
NGV uniform