Hopp til hovedinnhold

Kontakt oss

Luftfoto av skolen

Kva for skole er vi?

Nordahl Grieg vidaregåande skole ligg i Ytrebygda bydel i Bergen og vart ferdigstilt i august 2010 med kapasitet for 970 elevar og om lag 160 tilsette. Skolen ynskjer å skape eit miljø for vekst innan kunnskap, kreativitet og innovasjon, der dei vektlegg eit sosiokulturelt læringssyn gjennom arkitektonisk utforming. Skolen sin visjon,
«Dristige hjerner i samspill», understrekar målet om å vera leiande innanfor bruken av digitale læringsverktøy.
Som ein ressursskole for elevar med nedsett høyrsle, tilbyr den tilrettelegging for elevar med nedsett høyrsel og ulike behov. 

Kor ligg skolen?

Nordahl Grieg vgs. ligg i Rådal, Bergen sør og opna i 2010. 
Skolen ligg sentralt til ved bybanestoppet "Lagunen terminal" og stopp for mange bussruter. Næraste busstopp heiter "Rå skole". Vi ligg tett ved E39 mellom Bergen og Os.

Sjå skolen vår i 3D-visning, ved å klikke her!

Du finn oss her på kartet
Besøksadresse: Steinsvikvegen 430, 5239 Rådal 
Postadresse: Postboks 13 Rådal, 5857 Bergen
Fakturainformasjon: Klikk for meir info.

Telefon: 55 98 56 00
E-post: post.ngv@vlfk.no

Treng du kopi av vitnemål/kompetansebevis eller oversetjing? Klikk her
Dersom det hastar: send e-post - Namn, avgangsår, bustadsadresse, eventuell oversetjing og ynskje om digitalt vitnemål/kompetansebevis.

Skolen handterar førespurnader kontinuerleg.

Parkering med eigen bil

Parkeringsplassen er kun for personalet og skolen sine gjester.

Elevar har ikkje rett til å parkere på skolen sin parkeringsplass, dette gjeld og rundt skolens område. Dersom reglane ikkje vert følgt, kan parkeringsselskapet EuroPark gi bot.

Om du besøker skolen som gjest med eigen bil, må du registrere bilen sitt registreringsnummer hos informasjonen i 1. etasje når du kjem til skolen. Bilar som ikkje er registrert kan verte bøtelagt av EuroPark.