Har du gått på yrkesfag og ønskjer å ta høgare utdanning? Då kan du ta påbygging til generell studiekompetanse. Du kan søkje både før og etter læretida. Utdanninga fører fram til generell studiekompetanse.
Kvifor velje påbygg?
Dette er vegen til høgare utdanning! Påbygging er for deg som har lyst og er motivert til å ta fatt igjen på dei teoretiske faga.
Før du startar på vg3 påbygging til generell studiekompetanse må du ha fullført eit av desse tre alternativa:
- vg2 yrkesfagleg utdanningsprogram
- vg1 studieførebuande og vg2 yrkesfagleg utdanningsprogram
- yrkeskompetanse med fag- eller sveinebrev